NettKyrkja/Taler (lyd)/"Han stod der alle fell" - 1. sundag i fastetida - 26-02-2023

"Han stod der alle fell" - 1. sundag i fastetida - 26-02-2023

Stein Ødegård

Evangelieteksta frå Matt. 4, 1-11.

Sidan førte Anden Jesus ut i øydemarka for at djevelen skulle freista han. Han fasta i førti dagar og førti netter, og til slutt tok svolten han. Då kom freistaren til han og sa: «Er du Guds Son, så sei at desse steinane skal bli til brød!».

Jesus svara: «Det står skrive: Mennesket lever ikkje av brød åleine, men av kvart ord som går ut frå Guds munn.»

Då tok djevelen han med seg til den heilage byen, sette han ytst på tempelmuren og sa: «Er du Guds Son, så kast deg utføre! For det står skrive: Han skal gje englane sine påbod om deg. Og: Dei skal bera deg på hendene så du ikkje støyter foten på nokon stein.»

Men Jesus sa til han: «Det står òg skrive: Du skal ikkje setja Herren din Gud på prøve.»

Så tok djevelen han med seg opp på eit svært høgt fjell og synte han alle rika i verda og deira herlegdom og sa: «Alt dette vil eg gje deg om du fell ned og tilbed meg.»

Men Jesus sa til han: «Vekk med deg, Satan! For det står skrive: Herren din Gud skal du tilbe, han og ingen annan skal du tena.»

Då gjekk djevelen frå han, og sjå, englar kom og tente han.

Powered by Cornerstone