NettKyrkja/Taler (lyd)/"Kampen mellom det gode og det vonde" - 3. sundag i fastetida - 12-03-2023

"Kampen mellom det gode og det vonde" - 3. sundag i fastetida - 12-03-2023

Stein Ødegård

Evangelieteksta frå Luk. 11, 14-28

Ein gong dreiv han ut ei vond ånd som var stum. Og då den vonde ånda hadde fare ut, tala han som hadde vore stum. Folket undra seg. Men nokre av dei sa: «Det er ved hjelp av Beelsebul, herskaren over dei vonde åndene, at han driv dei vonde åndene ut.» Andre ville setja han på prøve og kravde eit teikn frå himmelen av han. Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei:

        «Kvart rike som kjem i strid med seg sjølv, blir lagt øyde, og hus på hus rasar saman. Er no Satan komen i strid med seg sjølv, korleis kan då riket hans bli ståande? De seier då at det er ved Beelsebul eg driv ut dei vonde åndene. Men er det ved Beelsebul eg driv ut dei vonde åndene, kven er det då dykkar eigne folk driv ut ånder ved? Difor skal dei dømma dykk. Men er det med Guds finger eg driv ut dei vonde åndene, ja, då har Guds rike nådd fram til dykk.

    Når den sterke med våpen i hand vaktar garden sin, får det han eig, vera i fred. Men kjem det ein som er sterkare og vinn over han, då tek denne mannen våpna som den sterke sette si lit til, og deler ut byttet. Den som ikkje er med meg, er imot meg. Og den som ikkje samlar med meg, han spreier.

    Når ei urein ånd fer ut av eit menneske, flakkar ho over tørre vidder og leitar etter ein kvilestad, men finn ingen. Då seier ho: ‘Eg vil fara attende til huset mitt, som eg flytte ifrå.’ Når ho kjem att, finn ho det feia og pynta. Då fer ho av stad og får med seg sju andre ånder som er verre enn ho sjølv, og dei flytter inn og slår seg til der. Og det siste blir verre for dette mennesket enn det første.»

    Då han sa dette, var det ei kvinne i folkehopen som ropa: «Sælt er det morsliv som bar deg, og brysta som du dia.» Men Jesus svara: «Sei heller: ‘Sæle er dei som høyrer Guds ord og tek vare på det.’»

Powered by Cornerstone