NettKyrkja/Taler (lyd)/"Nå er timen komen" - Palmesundag - 02-04-2023

"Nå er timen komen" - Palmesundag - 02-04-2023

Stein Ødegård

Evangelieteksta frå Joh 12,12-24

Dagen etter fekk den store folkemengda som var komen til høgtida, høyra at Jesus var på veg inn i Jerusalem. Då tok dei palmegreiner og gjekk ut for å møta han, og dei ropa:

                Hosianna!
                Velsigna er han som kjem i Herrens namn,
                Israels konge!

Jesus fann seg eit ungt esel og sette seg på det, som det står skrive:    

                Ver ikkje redd, dotter Sion!
                Sjå, kongen din kjem, ridande på ein eselfole.

Dette skjøna ikkje læresveinane med det same. Men då Jesus var opphøgd i herlegdom, hugsa dei at dette var skrive om han, og at folket hadde helsa han på denne måten.

Alle som hadde vore med han då han ropa Lasarus ut av grava og vekte han opp frå dei døde, vitna om det dei hadde sett. Difor var det òg at folket drog ut for å møta han, for dei hadde fått høyra at han hadde gjort dette teiknet. Men farisearane sa seg imellom: «Der ser de, det nyttar ikkje. Heile verda spring etter han.» No var det nokre grekarar mellom dei som var komne til Jerusalem for å tilbe under høgtida. Dei kom til Filip, som var frå Betsaida i Galilea, og sa: «Herre, vi ville gjerne få sjå Jesus.» Filip kom og fortalde det til Andreas, og Andreas og Filip gjekk og sa det til Jesus.

Jesus svara: «Timen er komen då Guds herlegdom skal lysa om Menneskesonen. Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, blir det verande berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde.»

 

Powered by Cornerstone