NettKyrkja/Taler (lyd)/Ut i båten og inn til bålet - 2. sundag i påsketida - 16.04.2023

Ut i båten og inn til bålet - 2. sundag i påsketida - 16.04.2023

Stein Ødegård

Sidan openberra Jesus seg endå ein gong for læresveinane; det var ved Tiberiassjøen, og det gjekk slik til: Simon Peter, Tomas, som vart kalla Tvillingen, Natanael frå Kana i Galilea, Sebedeus-sønene og to andre av læresveinane hans var saman der. Simon Peter seier til dei andre: «Eg vil ut og fiska.» «Vi blir med deg, vi òg», sa dei. Så gjekk dei av stad og steig i båten, men den natta fekk dei ikkje noko.

    Då det tok til å lysna av dag, stod Jesus på stranda, men læresveinane visste ikkje at det var han. Jesus sa til dei: «Har de ikkje noko å eta, borna mine?» «Nei», svara dei. «Kast garnet på høgre sida av båten, så skal de få», sa han. Dei kasta garnet, og då greidde dei ikkje å dra det opp, så mykje fisk hadde dei fått. Den læresveinen som Jesus hadde kjær, sa til Peter: «Det er Herren.» Då Simon Peter høyrde at det var Herren, batt han kappa om seg – den hadde han teke av – og hoppa i sjøen. Dei andre læresveinane kom med båten og drog garnet med fisken etter seg. Dei var ikkje langt frå land, berre omkring to hundre alner.

    Då dei kom i land, fekk dei sjå eit bål der, og det låg fisk og brød på glørne. «Kom hit med noko av den fisken de fekk», sa Jesus til dei. Simon Peter gjekk då ut i båten og drog garnet på land. Det var fullt av store fiskar, eitt hundre og femtitre i alt. Men endå det var så mange, rivna ikkje garnet. Jesus sa til dei: «Kom og få mat!» Ingen av læresveinane våga å spørja han: «Kven er du?» Dei visste at det var Herren. Då gjekk Jesus fram, tok brødet og gav dei, og det same gjorde han med fisken.

Dette var tredje gongen Jesus openberra seg for læresveinane etter at han hadde stått opp frå dei døde.

Joh 21,1-14

Powered by Cornerstone