Store ting frå Gud og viktige valg i livet / 16. sundag i treeiningstida 17.09.2023
Sidan drog Jesus bort att frå Tyros-området. Han tok vegen om Sidon og drog mot Galileasjøen gjennom Dekapolis-landet. Der førte dei til han ein mann som var døv og hadde vondt for å tala, og dei bad han leggja hendene på han. Jesus tok han med seg bort frå folket. Han stakk fingrane sine i øyra hans, tok spytt og rørte ved tunga hans. Så såg han opp mot himmelen, sukka og sa til han: «Effata!» – det tyder: «Lat deg opp!» Med det same vart øyra hans opna, og bandet som batt tunga hans, vart løyst så han tala reint. Jesus forbaud dei å seia det til nokon. Men di meir han forbaud det, di meir gjorde dei det kjent. Folk undra seg storleg og sa: «Alt han har gjort, er godt. Han får døve til å høyra og stumme til å tala.»
Mark 7,31-37