NettKyrkja/Taler (lyd)/"Fordi jeg fortjener det"? - 19. sundag i treeiningstida - 08.10.2023

"Fordi jeg fortjener det"? - 19. sundag i treeiningstida - 08.10.2023

Kristian Tjemsland

Ja, det seier eg dykk: Er ikkje dykkar rettferd mykje større enn rettferda til dei skriftlærde og farisearane, kjem de aldri inn i himmelriket. De har høyrt det er sagt til forfedrane: ‘ Du skal ikkje slå i hel. Den som slår i hel, skal vera skuldig for domstolen.’ Men eg seier dykk: Den som blir sint på bror sin, skal vera skuldig for domstolen, og den som seier til ein bror: ‘Din tosk!’ skal vera skuldig for Det høge rådet, og den som seier: ‘Din gudlause narr!’ er skuldig til helvetes eld.

Når du går fram til altaret med offergåva di, og du der kjem i hug at bror din har noko imot deg, så lat gåva di liggja framfor altaret og gå først og forlik deg med bror din. Så kan du koma og bera fram offeret ditt! Ver snar til å forlika deg med motparten din medan du enno er med han på vegen. Elles stemner han deg for dommaren, og dommaren gjev deg over til vaktmannen, og du blir kasta i fengsel. Sanneleg, eg seier deg: Du slepp ikkje ut att før du har betalt til siste øre.

Matt 5,20-26

Powered by Cornerstone