NettKyrkja/Taler (lyd)/Bibelkveldane 2023 - 17.10.2023 - Fokus på Hebrearbrevet - Bakgrunn og siktemål

Bibelkveldane 2023 - 17.10.2023 - Fokus på Hebrearbrevet - Bakgrunn og siktemål

Arne Berge

«Vi er et folk på vandring» - Fokus på Hebrearbrevet  
Brevet er truleg skrive til ei gruppe jødar som trur på Jesus. Mottakarane levde truleg i Roma på slutten av det første hundreåret. Gruppa har vore under internt og eksternt press. Då brevet blei skrive, var dei i ein vanskeleg tilstand. Dei var sløve, likesæle og mangla glød i trua. Dessutan var dei under sosialt, kulturelt og politisk press.

Dei hadde ein arv knytt til dei jødiske skriftene, men hadde brote med det tradisjonelle og hadde fått eit nytt haldepunkt; trua på Jesus Kristus. Dei er nå inne i ein
identitetskrise. Det er inn i denne turbulensen Hebrearbrevet er skrive.


Brevet gir mottakarane eit pilegrimsperspektiv på livet som truande. Me er på vandring mot eit evig mål.

I dette foredraget presenterer Arne Berge bakgrunnen for og siktemålet med Hebrearbrevet.

Klikk her for disposisjon.

Powered by Cornerstone