NettKyrkja/Taler (lyd)/Jesus, den store øvstepresten - Fokus på Hebrearbrevet - Bibelkveldane 2023 - 31.10.2023

Jesus, den store øvstepresten - Fokus på Hebrearbrevet - Bibelkveldane 2023 - 31.10.2023

Arne Berge

Vi er et folk på vandring» - Fokus på Hebrearbrevet 

Brevet er truleg skrive til ei gruppe jødar som trur på Jesus. Mottakarane levde truleg i Roma på slutten av det første hundreåret. Gruppa har vore under internt og eksternt press. Då brevet blei skrive, var dei i ein vanskeleg tilstand. Dei var sløve, likesæle og mangla glød i trua. Dessutan var dei under sosialt, kulturelt og politisk press.

Dei hadde ein arv knytt til dei jødiske skriftene, men hadde brote med det tradisjonelle og hadde fått eit nytt haldepunkt; trua på Jesus Kristus. Dei er nå inne i ein identitetskrise. Det er inn i denne turbulensen Hebrearbrevet er skrive.

Brevet gir mottakarane eit pilegrimsperspektiv på livet som truande. Me er på vandring mot eit evig mål.

I dette foredraget gjev Arne Berge oss eit innblikk i «Jesus, den store øvstepresten». Kva vil det seia at Jesus er øvsteprest? Kva kan «av same slag som Melkisedek» bety? Kva betyr dette for oss?

 

Klikk her for disposisjon.

Powered by Cornerstone