Nå skjer det! - 1. sundag i adventstida - 03.12.2023
Jesus kom òg til Nasaret, der han var oppvaksen, og på sabbaten gjekk han inn i synagogen, som han brukte å gjera. Han reiste seg for å lesa frå Skrifta, og dei gav han boka til profeten Jesaja. Han opna bokrullen og fann den staden der det står:
Herrens Ande er over meg,
for han har salva meg
til å forkynna ein god bodskap for fattige.
Han har sendt meg for å ropa ut
at fangar skal få fridom
og at blinde skal få sjå,
for å setja undertrykte fri
og ropa ut eit nådeår frå Herren.
Så rulla han bokrullen saman, gav han til synagogetenaren og sette seg. Og alle som var i synagogen, heldt auga feste på han. Då tala han til dei og byrja slik: «I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på.» Alle tala vel om han og undra seg over nådeorda som kom frå hans munn. «Er ikkje dette son til Josef?» spurde dei.
Lukas 4,16–22