NettKyrkja/Taler (lyd)/Elska av Gud! - 2. søndag i openberringstida - 14.01.2024

Elska av Gud! - 2. søndag i openberringstida - 14.01.2024

Stein Ødegård

Ei røyst ropar i øydemarka:

Rydd Herrens veg,
gjer stigane hans rette!

Slik stod døyparen Johannes fram i øydemarka. Han forkynte ein omvendingsdåp som gav tilgjeving for syndene. Frå heile Judea og Jerusalem drog alle ut til han. Dei sanna syndene sine og vart døypte av han i Jordanelva. Johannes gjekk i ei kappe av kamelhår og hadde eit lêrbelte om livet, og han levde av grashopper og villhonning. Han forkynte: «Det kjem ein etter meg som er sterkare enn eg, og eg er ikkje verdig til å bøya meg ned og løysa sandalreima hans. Eg har døypt dykk med vatn, men han skal døypa dykk med Den heilage ande.»

På den tida kom Jesus frå Nasaret i Galilea og vart døypt av Johannes i Jordan. Straks han steig opp av vatnet, såg han himmelen dela seg, og han såg Anden dala ned over seg som ei due. Og det kom ei røyst frå himmelen: «Du er Son min, som eg elskar, i deg har eg mi glede.»

Markus 1,3–11

Powered by Cornerstone