NettKyrkja/Taler (lyd)/Trygge rom for alle i kyrkja - 3. søndag i fastetida - Kveldsgudsteneste - 03.03.2024

Trygge rom for alle i kyrkja - 3. søndag i fastetida - Kveldsgudsteneste - 03.03.2024

Anne Lise Ådnøy

Ein i flokken svara: «Meister, eg er komen til deg med son min; han har ei ånd som gjer han stum. Når ho tek tak i han, kastar ho han over ende, skummet står ut av munnen, og han skjer tenner og blir heilt stiv. Eg bad læresveinane dine driva ånda ut, men dei makta det ikkje.» Då sa Jesus til dei: «Du vantruande slekt! Kor lenge skal eg vera hos dykk? Kor lenge skal eg halda ut med dykk? Kom hit til meg med han!» Dei førte guten bort til han, og med det same ånda fekk sjå Jesus, reiv og sleit ho i guten så han fall til jorda og velte seg med skum om munnen. «Kor lenge har han hatt det slik?» spurde Jesus. «Frå han var liten», svara faren. «Ofte har ånda kasta han både i eld og i vatn for å ta livet av han. Men om du kan, så ha medkjensle med oss og hjelp oss!» «Om eg kan?» svara Jesus. «Alt er mogleg for den som trur.» Straks ropa faren: «Eg trur, hjelp mi vantru!» Då Jesus såg folk strøyma til, truga han den ureine ånda og sa: «Du stumme og døve ånd, eg byd deg: Far ut av han, og kom aldri meir tilbake!» Då skreik ho høgt, reiv og sleit i han og fór ut. Guten låg livlaus, og alle sa at han var død. Men Jesus tok han i handa og hjelpte han opp, og han reiste seg.

Då Jesus var komen i hus og læresveinane var åleine med han, spurde dei: «Kvifor kunne ikkje vi driva ut den ånda?» Han svara: «Dette slaget kan berre drivast ut med bøn og faste.»

Markus 9,17–29

Powered by Cornerstone