NettKyrkja/Taler (lyd)/Gleda over å finna og bli funnen - 7. søndag i treeiningstida - 07.07.2024

Gleda over å finna og bli funnen - 7. søndag i treeiningstida - 07.07.2024

Yngvar Nilsen

Sakkeus

Så kom Jesus til Jeriko og drog gjennom byen. Der var det ein mann som heitte Sakkeus; han var overtollar og svært rik. Han ville gjerne sjå kven Jesus var, men kunne ikkje koma til for folkemengda, for han var liten av vekst. Difor sprang han i førevegen og klatra opp i eit morbærtre så han kunne få sjå han, for der kom han til å gå forbi. Då Jesus kom dit, såg han opp og sa til han: «Sakkeus, skund deg og kom ned! For i dag må eg ta inn i ditt hus.» Då skunda han seg ned og tok imot Jesus med glede.

Men alle som såg det, murra og sa: «Han har teke inn hos ein syndig mann.» Men Sakkeus steig fram og sa til Herren: «Herre, halvparten av alt eg eig, gjev eg til dei fattige, og har eg truga pengar frå nokon, gjev eg fire gonger så mykje tilbake.» Då sa Jesus til han: «I dag er frelse komen til dette huset. For han er òg ein Abrahams son. For Menneskesonen er komen for å leita etter dei bortkomne og berga dei.»

Lukas 19,1–10

Powered by Cornerstone