Varsling

Vil du varsle?

Å varsle er å sei frå om kritikkverdige forhold, slik at dette kan gjerast noko med.

Du kan sei frå både skriftleg og munnleg. Når du har sendt inn varsel vil du få eit svar i løpet av åtte dagar.

Den norske kyrkja skal vere ein god stad å vere for alle. 

Kyrkja skal vere ein trygg og open arbeidsplass. Både tilsette og frivillige i kyrkja har rett til å varsle om kritikkverdige forhold. Målet med å varsle er å sei frå. Då kan dei ansvarlege gjere noko med det som har skjedd og hindre at det skjer igjen. 

Om du syns det er vanskeleg å sei frå på eigenhand kan du gjerne spørje om hjelp til å varsle frå nokon du stoler på. Er du tilsett kan du og snakke med tillitsvald eller verneombod.

Alle kan varsle, både tilsette, frivillige og dei som deltek. 

Arbeidsmiljølova omfatter deg som utfører arbeid for Den norske kyrkja, anten du er atilsett, lærling, i praksis eller frivillig.

Om du ikkje har eit arbeidsforhold til kyrkja, men for eksempel deltek på eit arrangement, er du oppfordra til å varsle om kritikkverdige forhold.

Du kan varsle ved å trykke på ei av lenkene under. 

Er du medarbeidar må du velje arbeidsgjevar før du kjem til ei side som heiter Mittvarsel, der du legg inn varselet digitalt. Du kan velje om du vil fortelje varselet munnleg eller om du vil skrive det ned.

Varsle som tilsett eller frivillig medarbeidar

Varsle som ekstern

 

Kva seier lovverket om varsling?

Kritikkverdige forhold kan vere:

  • Lovbrot
  • Seksuell trakassering
  • Mobbing
  • Rasisme
  • Diskriminering
  • Økonomisk utroskap

Arbeidsmiljølova omfatter deg som utfører arbeid for Den norske kyrkja, som tilsett, i praksis eller som frivillig. Som ekstern person, til eksempel deltakar i dåp, vigsel eller i aktivitetar, har du og rett til å varsle. 

Kva skjer etter eg har varsla?

Du kan vere trygg på at saka di blir handsama raskt og på ein trygg måte. Etter at du har sendt inn eit varsel digitalt vil følgjande skje: 

  • Når du varsler digitalt via MittVarsel.no vil du få ein kvittering når varsel er sendt inn. Her ser du ditt brukernamn og passord, som du kan logge inn med seinare.
  • Innan 8 dagar vil du få svar frå oss om at ditt varsel er motteke og vil bli handsama.
  • I mange tilfelle vil sakshandsamar ha behov for meir informasjon frå deg, og når du logger deg inn i portalen kan du sjå om det er kome spørsmål til deg.
  • Det er viktig å beskytte alle som er involverte i ei varslingsak. Du vil få melding når saka vert avslutta, men du får ikkje innsyn i sjølve sakshandsaminga.
Powered by Cornerstone